Hei! Så kjekt at du vil bestille frå oss! Våre neste leveringar er desse:
LAURDAG 6.mai køyrer me til Balestrand, og har muligheit til å levere bestillingar på ruta mellom Lærdal og Balestrand. Me køyrer då desse heim til deg, på veg til eller ifrå. Minimum for bestillingane er 500 kroner. Ta kontakt på mariell@heifredag.no for spørsmål!
I Lærdal leverer me til heimeadresser og bedrifter.
På Årdalstangen har me pickup-punkt ved leikeplassen i sentrum
I Øvre Årdal har me pickup-punkt ved rutebilstasjonen
På Kaupanger har me pickup-punkt utanfor Sogn Dyreklinikk
I Sogndal har me pickup-punkt utanfor Parkkiosken (Mix).
På Campus kjem me til den vesle parkeringsplassen under Vestlandsforsking (ved gangvegen opp til kantina, nede ved elvi).
Ved Sjøkanten har me pickup-punkt ved Biltema.
På Leikanger er me utanfor Saften.
Her er litt info om det praktiske. For å bestilla, bruk skjemaet under her. Om du treng to eller fleire av eit produkt, skriv dette i notatfeltet under kvar produktgruppe. Til dømes for kanelbolle, då kryssar du ut kanelbolle også skriv du i notatfeltet “eg vil bestille fem kanelbollar”.