HISTORIA VÅR

Me er ei familiedriven bedrift, som i 2018 bestemte oss for at det gamle trevarelageret til Fretland Bygg (byggvarefirmaet til bestefar Sigurd Fretland) skulle få bli til eit bakeriunivers.

Etter fire år av planlegging, Excel-dokument, familieauk, og bygging, opna me endeleg i mars 2022 bakeriet vårt, Fredag & Fretland.

Kom og besøk oss på Monsemarki 4!